Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Arne Hadland, organist, har prega det kyrkjemusikalske livet i Rogaland i ein mannsalder.

Arne Hadland er fødd 9. april 1947 i Hellvik i Eigersund. Han har organisteksamen frå Stavanger musikkonservatorium (1967) og kantoreksamen frå Musikkonservatoriet i Oslo (1971). Sentrale lærarar var Lars Mæland, John Lammetun og Grethe Krogh. Etter avslutta studiar har Hadland gjennomført fleire studieopphald med vekt på korleiing i England.

I 1962 fekk han si første teneste som organist i Hillevåg kirke i Stavanger. Sidan har han kontinuerleg vore organist i ulike kyrkjer. I all hovudsak har han hatt tilhald i Rogaland, men i tiåret 1975–85 var han tilsett i Borgund kyrkje i Ålesund. Frå 1985 og til han gjekk av med pensjon i 2009 var han domkantor i Stavanger.

Som domkantor har Hadland vore leiar for Domkirkens Guttekor, Domkirkens Motettkor, Domkirkens Ungdomskantori, Domkirkens Studentkor og Domkirkens Kammerkor. Desse kora vann i denne perioden fleire prisar i internasjonale konkurransar. Som dirigent og organist har han elles gjennomført ei lang rekkje konsertar i Noreg og vore på turnear i Europa, USA og Canada.

Han har òg arbeidd som høgskulelektor ved Rogaland musikkonservatorium, der han i 1987–97 underviste i kordireksjon, kantoripraksis og kontrapunkt.

Hadland er tildelt Kongens fortenestemedalje (2007) for verksemda som korleiar, og han fekk Stavanger kommunes kulturpris i 2009. Same året vart han heidra med Davidsharpen av Norges kirkesangforbund.

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙