Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Duoen Graff & Rossebø spelar ei spanande blanding av amerikansk og norsk tradisjonsmusikk.

Med gitar, mandolin, fele og banjo er uttrykket fundert i ei tradisjonell amerikansk stil, og dei kombinerar instrumentalmusikk med vokale innslag. Sjanger- og repertoarmessig er det basert på ei tydeleg tradisjon hovedsakleg frå Appalachia-fjellområda aust i USA. Herfrå stammar ei rikhaldig musikkform med amerikanske feleslåttar (fiddle tunes) til dels basert på arv frå europeisk innvandring, blanda med ein god porsjon blues, ballader og songar. Repertoaret grensar også opp mot bluegrass, som historisk var ein konsekvens av denne musikktradisjonen ein no gjerne kallar ‘old-time’.I tillegg til dette flettar dei inn element frå delar av norsk tradisjonsmusikk.

Graff/Rossebø kan tilby ein underhaldande og interessant akustisk konsert. Den består av både vokal og instrumental musikk, og med ulike instrument skapast stor variasjon i besetninga og i uttrykket. Musikken supplerast med anekdoter, små forteljingar og litt historikk omkring låtane som spelast og stilen som sådan.

Marius Graff – gitar, banjo, vokal
Olav Christer Rossebø – mandolin, fele

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙