Leiv (Larsson) Mæle (1890-1971)

Leiv Mæle Foto: Simon Bringeland

Felespiller og kunstner Leiv Mæle fra Forsand

Frå ungdommen tok Leiv (Larsson) Mæle, (1890 14/8  -  1971 13/6) mål av seg til å verta kunstnar og nytta ut dei rike evnene sine.

I ungdommen gjekk han på kunst- og handverkskulen på Voss. Seinare dreiv han med treskjering, rosemåling og måling av landskapsbilete. Han heldt mange kurs i desse faga, ikkje minst i Telemarken, der han elska å vera, og på Sørlandet.

Folkemusikken og felespel (hardingfele) stod hans hjarta nær. Han var ein god felespealr heilt frå ungdommen. Ei tid reiste han kring i landet og heldt konsertar. Han gjesta og Færøyane fleire gonger. I grunnen var han så sterkt knytta til heimegarden at han kjøpte seg etit gammalt hus fra Ryfylke og sette opp i Hatladalen på Melegarden, litt ovanfor der søstera Sikke budde.

Leiv Mæle samla på gamle kultursaker og hadde som eit privat museum i heimen sin.

Han var alltid en farande svein og blei ikkje gift.

Kilder: 

Sigleif Engen - Forsandboka gards- og ættesoge band  III 1989

Leiv (Larsson) Mæle (1890-1971)
Etablert/født: 
1890
Aktive fra/til: 
1890 til 1971
Sjanger: 
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Olav

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 30.09.2013 - 16:19
Oppdatert dato: 30.09.2013 - 16:19
Sist endret av: Olav
Toggle menu