Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Norsk orgelfestival blei stifta i 1990, og finn stad i Stavanger i september kvart år.

. Den første festivalen fann stad på Karmøy. Festivalen er eit forum for organistar og kantorar i alle aldrar, eit forum til danning og utdanning, og til inspirasjon i dagleg arbeid med interpretasjon.

Dei ti fyrste åra var Norsk orgelfestival forankra i Karmøy kommune med Rogaland musikkonservatorium (nå Universitet i Stavanger, Institutt for musikk og dans) og Karmøy kyrkjelege fellesråd som samarbeidande storleikar. For å få eit breiare nedslagsfelt, og for å gjera festivalen meir attraktiv, føreslo dåverande kunstnarleg leiar Kolbein Haga på midten av 90–talet eit nærare samarbeid med Stavangerregionen. Etter som saka mognast vart der brei semje om å la evenementet gå føre biennalt mellom Stavanger og Karmøy frå år 2000, forankra ved Høgskulen i Stavanger/ Musikkonservatoriet, Karmøy kommune og Karmøy kyrkjelege fellesråd. Då høgskulen og Karmøy frå 2006 trekte seg ut som arrangørar kom Stavanger kyrkjelege fellesråd (SKF) på banen. Formaliseringa av denne forankringa fann stad i 2008. Samstundes vart festivalens biennale profil omgjort til årlege tildragingar i Stavanger. Det nære samarbeidet med Sandnes kyrkjelege fellesråd vart seinare formalisert ved at ein av deira organistar kom med i festivalstyret, eit styre oppnemnd av Stavanger kyrkjelege kulturutval.

Norsk orgelfestival har som målsetjing å fremja det beste i orgelkulturen, med omsyn til både folkelege, liturgiske og kunstmusikalske trekk. Å nytta den rike kyrkjemusikkarven me er sett til å forvalta og å leggja til rette for nyskaping er festivalens primære oppgåve. Dette skjer gjennom gudstenester og konsertar, meisterklassar, førelesningar og seminar. Norsk orgelfestival skal setja fokus på Kyrkja sin rike kulturarv slik at skattane i denne arven kan verta til glede og utfordring, fornying og utvikling.

Lars Kolbein Haga var kunstnarleg leiar for festivalen frå starten i 1990 fram til og med 2015. Arnfinn Tobiassen tok over som kunstnarleg og dagleg leiar i april 2015, og festivalens styreleiar er Edgar Hansen.

Norsk orgelfestival har spela ei viktig rolle når det gjeld skaping av ny musikk. Nye verk av til dømes Nils Henrik Asheim, Kjell Mørk Karlsen, Bjørn Kruse og Ole Karsten Sundlisæter har fått sine urframføringar under festivalen, og store europeiske namn som Susan Landale, Olivier Latry, Harald Vogel, Paolo Crivellaro og Simon Preston er berre nokre av dei mange som har gjesta Norsk orgelfestival.

Lenker

Kilder

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙