Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Per Vetrhus (1875-1960)

Etablert/født: 1875
Virksom: 1875 -1960

Sanger fra Suldal

Budde mange år på Vetrhus i Suldal. Han var gift med Borghild f Aarhus, og dei flytte i 1930 til Hagane på Suldalsosen. Der dreiv dei eit lite småbruk, samstundes som Per tok på seg ymse arbeid hos folk i bygda. Per Vetrhus var ein smålåten mann, men sat inne med mykje verdfullt kulturstoff. Han var glad i dei gamle folketonane, og song gjerne sjølv når han pusla med dei daglege gjeremåla sine. Når einkvan i slekta kom innom i heimen deira, lika han gjerne å læra frå seg gamle salmar og songar. Han var og ein av dei faste liksongarane i Suldal, då gjerne i lag med Anders Lunde og Odd Mehus.

Var mykje brukt som songar både til bryllaup og gravferd. Tradisjonen med bruk av "liksongarar" heldt seg lenge i Suldal og han høyrde til siste generasjonen av slike. Liksalmane skulle syngjast på ein særeigen måte, langsamt med mykje utkrotningar på melodien. Ein måtte og bruke stemmen på ein spesiell måte, då songjen skulle høyrast over lange avstandar.

Opptaket av "O verden hav da gode nat" med Odd Mehus, Per Vetrhus og Anders Lund er frå 1948

Kilder

Tove Solheim

Folkemusikkarkivet for Rogaland

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙