Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Ranglerock (tidl. Hoggstock) er ein intim og triveleg festival med god musikk i fokus.

Info fra hjemmeside:

Hoggstock 2002

Det skulle eigentleg vera ein sommarfest i forsamlingshuset på Hognestad, og bandet som då heitte Svendsen Supertruckers skulle halda ein etterlengta konsert. Inngangsprisen var 20 kroner, men var du kar og hadde med deg dame fekk heile følgjet koma inn gratis.

Det heile enda opp som ein venners-venner fest med fleire kunstnariske innslag, mellom anna Hassa’s Incredible Didgeridoo Experience, fleire vokale gjesteopptredenar i løpet av Supertruckers-konserten, og til slutt ein minikonsert med Totkopf. Det er i alle fall slik me likar å hugsa det. Stemninga stod i taket, sjølv om nokre kanskje syns det vart i overkant mykje lyd i eit så lite lokale.

Etter festen var det brei semje om at det me hadde opplevd ikkje var ein standard jærfest i eit forsamlinghus på Hognestad. Nei, dette var tidenes første Hoggstock og suksessen måtte gjentakast neste år, men då i endå større format. Det var til og med snakk om at det måtte tilretteleggjast for festivalcamping på ein kornåker ved sida av forsamlingshuset. Dato for festivalen måtte i så tilfelle leggjast til rett etter tresking. Då denne datoen varierer frå år til år innsåg me ganske snart at dette ville gjera planlegginga av festivalen bortimot umogleg, og planane vart skrota.

Hoggstock 2003

Rock mot skalldyr
Dette var året då festivalen eigentleg starta. I fleire år hadde medlemmane i Svenssen Supertruckers, Totkopf og Gravmar & The Gravediggers ergra seg over det elendige utelivstilbodet på Bryne, og bestemte seg for å ta saka i eigne hender. Dei ville visa at det faktisk var muleg å arrangera konsertar på Bryne utan at det måtte kosta skjorta for både arrangør og publikum. Gjekk det an å arrangera festival på Hognestad måtte det vera fullt muleg å få det til på Bryne også. Festivalgeneral Ingve Lende tok kontakt med TimeOut Funpub på Bryne som tok imot oss med opne armar og ølkranar. Skikkeleg PA-anlegg vart leigd inn, plakatar vart hengde opp over heile Jæren og det vart trykt opp eit eksklusivt tal festival t-skjorter som måtte førehandstingast. Microsoft Word gjorde nytta som designverktøy.

Totkopf hadde eit namn i området frå før av og vart kveldens headliner, Svenssen Supertruckers og Gravmar & The Gravediggers stod for oppvarminga. Festivalslagordet vart «Rock mot Skalldyr», ein protest mot Skalldyrfestivalen i Mandal. Kva hadde ein liten rockefestival på Bryne å gjera med ein skalldyrfestival i Mandal? Ingenting, utanom at dei to festivalane vart arrangert same helga.

180 personar tykte dette var verdt 50 kroner og tok turen til TimeOut, ein gledeleg suksess som sikra overskot og inspirasjon til neste år.

Hoggstock 2004

Rock mot Gladmat! Reelt hat, eller berre eit PR-stunt?
TimeOut avslutta verksemda i løpet av 2003 og Kick Pub & Cafe starta opp i dei same lokala. Etter litt om og men fekk festivalen til eit samarbeid med dei nye drivarane av fjorårets festivallokale.

Festivalslagordet «Rock mot Gladmat», som var sjølvsagt sidan Gladmatfestivalen i Stavanger gjekk av stabelen same helga, vekka interesse i den lokale pressa og sørgja for god merksemd kring arrangementet.

Veret var strålande og publikumsoppmøtet likeeins, over 200 betalande sørgja for nok ei glimrande festivalkveld på Bryne!

Artistar: Svendsen, Totkopf, Gravmar & The Gravediggers, Dead Bisonz og Three Star Hotel.
Årets nyvinning: Slagordet og mediaagnet, Rock mot Gladmat

Hoggstock 2005

Dette året tok festivalen sine første små skritt ut i verda heilt på eiga hand. Bryne Mølle vart leigd av Time Kommune, og festivalen styrte med heile gjennomføringa av det som no hadde vorte ein todagarsfestival. 2005 var og første året festivalen henta inn andre enn dei lokale artistheltane. Mikabomb kom heile vegen frå England!

Nok ein gong vart festivalen ein suksess, folk støtta opp om arrangementet, kring 400 vitjande, og rekneskapet visste til slutt 20 000 kroner i overskot. Rock-mot-Gladmat-slagordet fekk ein del merksemd i pressa, mellom anna tosiders oppslag i Rogalands Avis der Gladmatsjefen uttalte at han tykte ideen om ein anti-Gladmatfestival var alle tiders.

Artistar: Mikabomb, Ungdomskulen, Three Star Hotel, Svartmalt, Mad Foxes, Gravmar & The Gravediggers, Totkopf, Dead Bizons, Teeny Grownups.
Årets nyvinning: Nytt lokale i Bryne mølle

Ranglerock 2006

Festivalen skifta namn frå Hoggstock til Ranglerock, og tok steget opp frå lokalpressa til internasjonal musikkpresse.

Det etterkvart så faste slagordet Rock mot Gladmat vart også skrota saman med namnet. Namnebytet var omdiskutert, men festivalleiinga slo gjennom og kravde nytt namn på festivalen. Grunnen? Hoggstock var kanskje eit av dei minst originale festivalnamna i landet. Det er svært sjeldan at idear som oppstår i eit nachspiel er like gode dagen derpå.

Festivalen var godt besøkt på laurdagen, men ikkje fullt så godt på fredagen. Dette gjorde at festivalen gjekk med underskot, men ikkje meir enn at det let seg dekka inn av oppsparte midlar frå tidlegare år.

Dette året prøvde me oss på å arrangera konsert for dei under 18. Ungdomskulen og Mary Me Young skulle stå for konsertane. To (!) unge sjeler møtte opp, og det største fiaskoen i Ranglerock historia var eit faktum. Ungdomskonserten vart avlyst, men dei to ungdomane fekk ein fin kveld då Ranglerock ordna med verge og let dei to vera med på festivalen på kveldstid.

House of Lords frå britiske The Young Knives kåra konserten med Ungdomskulen til «The best thing I’ve heard all year» i desemberutgåva av det internasjonale musikkmagasinet Mojo. Berre det å få festivalnamnet på trykk i eit av verdas største musikkmagasin var nok til å gje oss motivasjon til å dra i gang festivalen i nokre år til!

Artistar: The Young Knives, Ungdomskulen, Quasimojo, Mary Me Young, Stereo 21, Årabrot, Gravmar & The Gravediggers, Dead Bizons, Svenssen.
Årets nyvinning: Ungdomskonsert.

Ranglerock 2007

Festivalen har etterkvart vorte sjølvsagd, og det meste går nærast på rein rutine for oss som arrangørar. Det som særmerka 2007 var det sterke programmet: Den norske rockekomenten Ida Maria gjesta Mølla, det same gjorde det finske ekteparet i Anssi8000 & Hot Coke, Tønes var der, Helldorado var der, og til og med eit japansk jentepunkband.

I kafeen i Mølla kunne ein for fyrste gong kjøpa noko anna enn øl og sundkokte pølser: 60 kilo av den jærske spesialiteten farse gjekk med i løpet av dei to dagane festivalen vart arrangert. Ideen om å servera farse kom av alle ting frå ein austlending! Han hadde gjesta både Jæren og Ranglerock fleire gonger før, og kunne ikkje forstå kvifor det ikkje skulle vera mogleg å få kjøpa seg ei saftig farse under festivalen. Det kunne ikkje me heller forstå, og gjorde noko med det.

Besøkstala for festivalen var gode, mellom 400-500 billettar vart selt, og etter eit dårleg år i 2006 vart det heile snudd på hovudet i 2007.

Årets nyvinning: Farse!

Artistar: Ida Maria, Tønes, Rockettothesky, Anssi8000 & Hot Coke, Helldorado, Tønes, Killing Butterflies, Aurora Plastic Monster, eX-girl, Three Star Hotel, Svenssen, Totkopf, Dead Bisons.

Ranglerock 2008

Etter suksessen i 2007 følte me for å satsa litt meir. Bandet Two Gallants frå USA var det klart dyraste festivalen hadde henta inn og budsjettet var rekordstort. For fyrste gong klarte Ranglerock å få tak i økonomisk støtte i reine kroner frå Time Kommune, Norsk Kulturråd gjekk også inn med støtte for fyrste gong. På den økonomiske sida såg det med andre ord lyst ut.

Sjølve festivalen vart den mest vellukka og mest gjennomførte så langt. Det vart satsa på å pynta opp dei litt stusselege lokala i Bryne Mølle og eigne kunstnarar stod for fyrste gong for utsmykking av veggene i kafeen. Festivalen vart svært godt besøkt og Two Gallants leverte det som til no er tidenes konsert på Ranglerock.

Årets nyvinning: Kunstutstilling!
Festivalkunstnar: Kirsten Opstad og Roald Sivertsen
Artistar: Two Gallants (usa), The Good The Bad (Danmark), Tønes, The Cheaters, Ungdomskulen, I Was A King, Gerilja, Pirate Love, Hovering Orville, Svenssen, Casiokids, Gravmar & The Gravediggers.

Ranglerock 2009

2009 vart, til festivalleiinga si store overrasking, eit økonomisk toppår for festivalen. Pengane strøymde inn og stoppa ikkje før overskotet hadde passert 100 000 kroner. Ser ein nærare på dei, for Ranglerock, astronomiske summane oppdagar ein at nærast heile overskotet kom frå auka inntekter frå baren. Hadde jærbuen plutseleg vorte tystare i løpet av året? Nei, svaret er Frode Hagerup. Før Hagerup tok kontroll over bardrifta på festivalen tente festivalen knapt pengar på barsal, men med si solide erfaring frå farsedisken såg Hagerup raskt kva grep som måtte gjerast, rydda opp i bestillingar og prisar, og gjorde ølsal til god butikk for Ranglerock.

Rekordbesøk gjorde også sitt til at dette vart ei god ranglehelg. Folk hadde det gildt, dei gode konsertopplevingane stod i kø og Stavanger Aftenblad hylla Ranglerock med fyldig dobbeltside i etterkant av festivalen.

Artistar: Art Brut, Fjorden Baby, The Alexandria Quartet, Tønes, Svenssen, Lyd, Bart, Major Parkinson, Dead Bisons,Hovering Orville, The Chairs, Gravmar & The Gravediggers
Årets nyvinning: Å gjera ølsal om til økonomisk overskot

Ranglerock 2010

Rusa på suksessen frå 2009 slo Ranglerock på stortromma i 2010 og klaska til med ein eigen dag med RangleHARDrock. Artistar og levande legendar frå både Australia, USA og Sverige vart flydd inn, internasjonale samarbeidsprosjekt (The Amazing/Torstein Obrestad) og nasjonale samarbeidsprosjekt (Joddski/Svenssen) stod i kø på plakaten og det vart rigga til eit lysshow med projektorar og lerret i Møllå som jærbuen aldri hadde sett maken til. Naturleg nok enda det med eit mageplask og eit underskot nesten like stort som fjorårets overskot og Ranglerock var tilbake til start. Kanskje var det også eit teikn på at Ranglerock endeleg hadde vorte ein vaksen festival med økonomi som likna ein berg og dalbane, slik som alle andre seriøse festivalar her til lands?

Kring 500 personar fann vegen til Møllå denne helga, noko færre enn åra før, men dei musikalske høgdepunkta var det ingenting å seia på, særleg godt hugsar me resultatet av samarbeid mellom The Amazing og Torstein Obrestad.

Elles vart helga noko prega av dårleg ver. Det er nesten godt gjort for ein festival som føregår innandørs å få inn ei toppsak på NRK.no grunna veret. Teltet bles nemleg vekk!

Verdt å merka seg er det også at festivalleiinga, som no arrangerte Ranglerock for niande gong, fekk seg ein knekk som resultat av den manglande suksessen. Etter festivalen annonserte leiinga at dette kunne vera siste gong med rangling i Møllå. Nye krefter måtte til, utan friske ranglarar inn i leiinga ville det vera stopp.

Artistar: Dag för Dag (US/SE), The Amazing (SE), Mondo Generator (US), Hy-Test (AUS), Jaako & Jay (FIN), Hovering Orville, Pelbo, Johnny Hancocks, Årabrot, Joddski, Bloody Beach, Goatfish, Death By Unga Bunga, Torstein Obrestad, Svenssen, Siesta.
Årets nyvinning: Scenesamarbeid mellom artistar. Dette året vart det samarbeid mellom The Amazing og Torstein Obrestad, i tillegg til at sjølvaste Svenssen fungerte som backingband for Joddski.

Ranglerock 2011

I løpet av året samla festivalleiinga nye krefter, både i form av restituering av eigne krefter og i form av ferske hovud med ny energi og jærsk drivkraft. 2011 var det tiande året Ranglerock vart arrangert og slagordet «10 år med rock og rangling» vart lansert. Her skulle det feirast! Samstundes måtte det sparast, underskotet i 2010 var ein alvorleg vekkar for festivalen og det vart innført strengare budsjettering og kostnadskontroll enn nokon gong.

Britiske The Cubical og jærske Vind i Gardhol toppa plakaten. Sistnemnte band er legendarisk på Jæren, men hadde hatt ein pause på 30 år før dei gjorde comeback på Ranglerock. Allereie frå første strofe ljoma allsongen og er utan tvil ein av dei mest minneverdige konsertane gjennom dei ti åra med Ranglerock.

Publikum strøymde til Ranglerock dette året, det nye farzavaganzakortet sikra rekordsal i farsedisken og stemninga var på topp gjennom heile festivalen. Og då rekneskapet var gjort opp synte det positive tal over heile linja! Jedo!

Etter festivalen vart farsegeneral Frode Hagerup lansert som ny leiar av festivalen, og saman med fleire nye eldsjeler i leiinga annonserte han at Ranglerock er klar for fleire nye år i festivalsirkuset.

Det må kanskje også nemnast at Ranglerock for første gong fekk kjennskap til ein ny aktivitet på festivalen: hærverk! Eit pulverapparat vart tømt innandørs og det skapte ein god frustrasjon hjå festivalleiinga. Men syndarane innsåg snart kva dei hadde gjort og bad audmjukt om orsaking. Dei sa seg til og med villige til å vera med på den minst trivelege jobben av alle festivaljobbar; oppryddinga. Sundagen kom og dei angrande syndarane var med heile dagen. Alt vart godt!

Artistar: Vind i Gardhol, The Cubical (UK), Church of Misery (JPN), Razika, Odel, Casa Murilo, Norma Sass, Oslo Ess, Svenssen, Kriminell Kunst, Swamp Things, Gravmar & The Gravediggers.
Årets nyvinning: Farzavaganzakort

Ranglerock 2012

105 kg farse fann vegen til svoltne festivalmagar denne ranglehelga, noko som fekk festivalleiinga til å rykka ut i media og omtala årets festival som «den mest perfekte nokon sinne». For første gong var festivalen heilt utselt på førehand, konsertane var strålande og publikum oppførte seg like eksemplarisk som alltid. Festivalgeneral Frode Hagerup fekk endeleg sin store draum oppfylt då han fekk lov til å arrangera farseetingskonkurranse i kafeen. Nathalie Vorland klemte ned farsa på 1 minutt og 19 sekund, noko som var raskt nok til å sikra seg siger. Den stolte vinnaren kunne dermed ta på seg den eksklusive «Farza Ranglerock» t-skjorta.

Stine Rommetveit og Kristin Talseth stod for ei godt besøkt og interessant kunstutstilling med lyd som tema i kafeen. Denne utstillinga var også open på dagtid for dei utan billett til sjølve Ranglerock.

Farseprinsesse: Nathalie Vorland (1 min 19 sek)

Artistar: Jonas Alaska, Highasakite (avlyst), Anja Elena Viken, Svenssen, She Keeps Bees (US), Honningbarna, Hold Fast, Stein Torleif Bjella, Chrome Hill, Dalane Emoband og General Forsamling, The Captain and Me, Eye Emma Jedi, Skadne Krek
Festivalkunstnar: Stine Rommetveit og Kristin Talseth
Årets nyvinning: Farseetingskonkurranse som media slukte rått.

Ranglerock 2013

Artistar: Svenska Kaputt (SE), Hedvig Mollestad Trio, Two Gallants (USA), Wolf People (UK) – kansellert, Hvitmalt Gjerde, Heavy Heads, Billie Van, Wunderkammer, Tusmørke, Hovering Orville, Svenssen, Tom Roger Aadland, Geoff Berner (CAN)
Festivalkunstnar: Anette Moi

Ranglerock 2014 ranglerock_poster_2014

Historia til Ranglerock er full av suksessar, men når historia til Ranglerock 2014 skal skrivast er det vanskeleg å finna eit år som overgår 2014. Programmet, publikum, gjennomføringa, billettsalet, farsetilbudet, pressedekninga og sist men ikkje minst véret. Véret var så bra at det nesten var for bra, det var så varmt i mølla at dei som stod for tryggleiken til publikum sette i gang tiltak for å sikra at folk ikkje vart dehydrert!

Årets nyvinning var ei eiga luksusfarsa, ei vanleg farsa forsterka med dadlar og tranebær

Artistar: Tamikrest (Mali), Howlin Rain (US), Wolf People (UK), Real Ones, Siri Nilsen, Fjorden Baby!, Hjerteslag, Casiokids, Supersoaker, Cpt Biff & The Seamen, Stanley Brinks & The Kaniks, Freschard, Vilde Tuv, Svenssen.
Festivalkunstnar: Pøbel laga plakatmotivet. Kunstutstilling i kafeen ved Stine Rommetveit og Lars Rune Sæterdal.
Årets nyvinning: Luksusfarsa

Ranglerock 2015

Ti år etter at festivalen flytta til Bryne mølle vart det tvingande nødvendig å flytta ut av mølla. På grunn av byggearbeid i og ved Bryne mølle var lokalet uaktuelt som festivalområde, og Ranglerock fekk i stand ein avtale med Vaaland 1889 om å få låna lagerlokala deira. Større lokale opna for nye moglegheiter, og med band som Skambankt og Kåre & The Cavemen på plakaten tok Ranglerock definitivt eit steg opp. For organisasjonen vart flyttinga ei utfordring med nytt lokale, 1.66 gonger større budsjett og mange nye oppgåver som måtte løysast.

Alt i alt gjekk flyttinga bra og Ranglerock 2015 vart minst like bra som alle andre år. Som vanleg vart det tomt for farse alt for tidleg, men det som kanskje overraska mest var at festivalen faktisk gjekk tom for øl, til trass for at sjølve festivalområdet var eit øllager!

Artistar: Stein Torleif Bjella, Doffs Poi, Undergrunnen, Spectral Haze, Fjorden Baby!, Skambankt spelar «Skambankt», Egil Olsen, Dig Deeper, GypsyCarnem, Bendik, Kåre & The Cavemen, Bombino (Niger)
Festivalkunstnar: Åsne Tunheim
Årets nyvinning: Eige festivaløl

Ranglerock 2016

Rusa på suksessen frå fjoråret gjekk Ranglerock for øllageret til Vaaland 1889 som festivalområde nok eit år. Med erfaring frå fjoråret gjekk både rigg og rydding som ein draum,
men publikumstilstrøyminga vart noko lågare enn venta. Dette kombinert med nysatsinga «Rangling for småsporvar», gratisfestival for barn på dagtid, gjorde at festivalen gjekk litt i underskot dette året. Men det var så definitivt verdt det! Småsporvane strøymde nemleg til Sporvatunet utanfor Time bibliotek og viste at dette er noko dei vil ha meir av! Kring 200 små og store koste seg med konsertar og Shave-Ice på ein fin, men noko kald, sommardag og me gler oss til å gjenta og utvikla suksessen i 2017.

I det heile var 2016 eit innovativt år for Ranglerock. Forutanom barnefestivalen kunne Ranglerock for første gong tilby eigen vegetarrett til dei som av uforklarlege grunnar ikkje vil eta den legendariske ranglerockfarsa. I tillegg fekk artistane nyta godt av miljøvenleg transport i friluft mellom festivalhotellet og festivalområdet i form av el-sykkel med tilhøyrande sofaplass på tilhengaren.

Carl Louis stod på plakaten, men måtte dessverre avlysa. Inn kom Hege Bjerk på kort varsel og gjorde ein strålande konsert.

Artistar: Sondre Lerche, Honningbarna, Spidergawd, Tusmøker, Vulkano, Carl Louis, Hege Bjerk, Unnveig Aas, ARY, Teksti-TV 666, Svenssen, Gold Celeste, Erlend Ropstad.
Rangling for småsporvar: Tusmørke, Roger Græsberg & Foreningen
Festivalkunstnar: Atle Østrem
Årets nyvinning: Rangling for småsporvar

Lenker

Kilder

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙