Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Jærsk orkester som spiller irsk folkemusikk og punk.

The Foggy Five blei danna 17 mars 2016, på sjølvaste St Patrick`s day. Bandet etablerte seg raskt som ein livefavoritt på pubane rundt på Jæren og toktene blei utvida både til epleslang i Hardanger og strandhogg langs sørlandskysten.

The Foggy Five spelar irsk og keltisk musikk med trøkk. Med medlemmar frå det nå nedlagte og smått legendariske klepp-irske bandet Sinclair & The Rovers, veit The Foggy Five kva for strenger som bør trykkast på for at lokalet skal få hælmerke i taket.

På Trommer og Bodran har me Arne Andersen, kjend frå nemnde The Rovers og Tønes. Kontrabassen vert spelt av Øyvind Lende som også spelar metallmusikk i bandet Savn. Trekkspel og fløyter er det Jonny Engelsvoll som trakterer. Han er også pianist i band som Alabama Rodeo Stars og tidlegare nemnde Sinclair & The Rovers. Hans Egil Løe Abelsnes var også innom The Rovers. Han spelar i tillegg piggtrådgitar i Skambankt. Her derimot er det mest mandolin og vokal det går i. Frå Aaslandbros har me kapra Sjølvaste Jørgen Aasland på gitar, fløyte, og ikkje minst song.

Besetning:

Jørgen Aasland - Vokal, gitar, fløyte, munnspill.

Hans Egil Løe - Vokal, gitar, mandolin.
Jonny Engelsvoll - Trekkspill, vokal, fløyte.
Christoffer Aasland - Bass, vokal.
Arne Andersen - Slagverk, bodhran.

Kilder

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙