Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Torvald Tu skreiv skodespe/lystspel (gjerne musikalske)l, forteljingar, stubbar og dikt, ofte på sterkt jærfarga nynorsk og med ein folkeleg humor.

Tu voks opp på ein husmannsplass på Jæren som yngst av fire søsken. Faren arbeidde på gardane i nabolaget. Etter obligatorisk skulegang var Torvald innom bakaryrket og hermetikkindustrien, men passa visst ikkje til praktisk arbeid. Som 14-åring fekk han dikt på trykk i Stavanger Aftenblad, men byrja for alvor å skrive på Jæren folkehøgskule, der han gjekk 1912–14. Han debuterte i bokform med skodespelet Storbrekkmyri (1914) og året etter med diktsamlinga Blomar fraa heid.

Tu gav til saman ut ca. 55 bøker. Halvparten av desse var skodespel, og resten fordelte seg mellom forteljingar eller romanar – Brudgomen ventar og Vona og livet, diktsamlingar – Hagen min og Jær-dikt, og det Tu kalla småstubbar eller eventyr, som I godluna, Tu-laattar og Hugnad-stunder. 1981 kom Torvald Tu i utval med tittelen Te' jærs.

Som dramatikar skreiv han ei rekkje frodig-folkelege humoresker, lette og muntre spelstykke, som gjorde han svært populær, og han blei mykje spelt på amatørteatra i heile Noreg. Hans største suksess, og ein av dei største Det Norske Teatret har hatt, var folkekomedien Kjærleik på Lykteland (1923) i regi av Agnes Mowinckel. Stykket gjekk langt ut over speleplanen og blei så populært at det blei sendt ut på to parallelle turnear samstundes, ein i vest og ein i nord. 1929 sette teatret opp folkekomedien Friarleik paa Liland, som publikum likte, men ikkje kritikarane. Komediateatret i Bergen oppførte til saman åtte stykke av Tu, m.a. Bertels gjenvordigheter (eig. Eld i hjartekrå), som gjekk 133 gonger i 1933 og seinare enda 112 gonger. Nokre av stykka blei òg omsette til m.a. svensk og færøysk.

Tu arbeidde som journalist og kritikar, og han skreiv mange avisinnlegg. Han kjempa m.a. for å få betalt for bruken av spelstykka sine, som blei flittig brukte av ungdomslag over heile landet, noko han oppdaga fordi han abonnerte på Argus-klipp. Han sleit for å overleve som ein forfattar som ville skrive på nynorsk og på dialekt. Han var mykje nytta som foredragshaldar og opplesar og reiste rundt heile vestlandskysten på turné med sine prosalyriske stubbar og forteljingar.

Torvald Tu levde saman med komponisten og pianisten Trygve Stangeland i ei hytte på Mosberghagen på Jæren. Stangeland skreiv musikk til fleire av Tu sine spelstykke, og dei reiste rundt og heldt musikk- og opplesingskveldar. Dei laga òg fleire songar i lag, m.a. Sjå Jæren, gamle Jæren, som har blitt ein slags nasjonalsong for Jæren og rogalendingane. Andre komponistar har òg skrive tonar til Tu-dikt. Desse blei samla til eit hefte i samband med 100-årsjubileet 1993.

Frå ca. 1940 blei det ekstra hardt økonomisk for Tu, m.a. fordi han måtte stelle partnaren som blei sjuk. Tu kunne ikkje reise på turné og måtte meir enn før skrive for å overleve, og stundom gjekk det nok ut over kvaliteten. Han skreiv òg – under pseudonym – kåseri i aviser og noveller i Hjemmet.

Torvald Tu kan samanliknast med Alf Prøysen, som nettopp hadde Tu som sitt store førebilete. Dei hadde begge den folkelege humoren som sitt varemerke.

Bildegalleri

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙