Luftskipet Noreg var ei alternativ rockegruppe frå Stavanger med sjuk interesse for tysk og nynorsk, i tillegg til psykiatriske institusjonar og familieproblem.
Gruppa byrja som eit ambisjonslaust prosjekt, men spelte i 2006 inn demoen "Luftskipet Noreg" og melde seg på UKM. Kulturmønstringa førde Luftskipet heilt til landsfinalen i Trondheim. Framsyningane i UKM vart følgt av konsertar på Metropolis og Checkpoint Charlie. Etter dette tok mannskapet seg ein pause før dei i 2009 på nytt byrja å spela samen. Denne gongen var besetninga samla i Trondheim. Med seg hadde dei ein ny gitarist. I 2010 spelte dei inn sin andre demo som vart kalla "Now or never". Seinare same året held dei ein konsert på Samfundet før dei igjen valde å setja luftskipet på bakken.
Inspirasjonskjeldene har vore mange, alt frå 70-tallsheltane Led Zeppelin til dei moderne indie-rockarane Interpol, utan at dette har klart å påverke musikken noko særleg. Luftskipet følgjer sine eigne overraskande luftstraumar.
Medlemmer:
Henning S. Anthonsen (vokal)Erlend B. Austerheim (bass)Karsten Meyer (gitar)Leiv Aspelund (gitar)Bjørn S. Anthonsen (trommer)