
Når songen, fela og trekkspelet smeltar saman er Tindra eitt
Når songen, fela og trekkspelet smeltar saman er Tindra eitt, og søte, særeigne, smakfulle, smygande, slaskete og svingande tonar og tekster blir formidla med stor overtyding. Utgangspunktet for trioen er den norske folkemusikktradisjonen, med særleg vekt på Rogaland. Sjølv når dei framfører eigne komposisjonar ligg dette i botnen. Repertoaret spenner frå skuldlause bornsongar om kattar og geiter til såre salmar og frekke friarviser.
Medlemmer:
Åshild Vetrhus Irene Tillung Jorun Marie Kvernberg