Jærsk visesong - Vind i gardhol
Den store visebølgja i Noreg på 1970-talet hadde òg utslag i Hå. Ikkje så lite vellukka heller. Gruppa Vind i gardhol laga fleire songar som har vorte allsongfavorittar på Jæren.
Vind i gardhol gav ut ei plate i 1981, og med i gruppa var fem Obrestadkarar; Jarle, Svein, Torstein, Hans og Leif. I tillegg Sigmund Aanestad og Trond Gudmestad. Plata held seg den dag i dag, og dei fleste jærbuar kan store delar av songar som Putlaa, Vind i gardhol, Kortspel og Kjøb sandala. Tekstane var skrivne av gruppa sjølv, men også songar av Torvald Tu, Tobaias Skretting, Jon Line, Klaus Hagerup og Hartvig Kiran.
To av dei mest kjende songane er Putlaa og Kortspel. Putlaa er ein tekst frå 1892, forfattaren er ukjend. Kortspel er skriven av Leif Obrestad. Her finn du tekstane. På Rogalyd kan du høyra utdrag frå plata Vind i gardhol.
PutlaaHer paa Jæren me putla og græve,ja, me putla og græve oss fram.Men alt det må putla og græve,so kjem me`kje længere fram.
Her paa Jæren me putla og fiska,ja, me fiska paa sild i kvar Vig.Men alt det me putla og fiska,vert ein Jærbu nok aldrige rig.
Her paa Jæren me putla og læse,ja, i Salme- og Bibelens Bog.Men alt det me putla og læse,blir ein Jærbu ei synderlig klog.
Her paa Jæren me putla og drikke,ja, me drikke saa jamt og saa tæt.Men alt det me putla og drikke,blir os Livet ei synderlig let.
Nå er Jærbuen lei taa aa græve,han er lei taa aa putla seg fram.Nå vil Jærbuen ogsaa faa leve,aat Amerika gjeng adle Mand.
KortspelNår dagens sled va øveå kydene va molkte,å bonden hadde sådd å skvetta lort.Då møttest byggdas kortfantomrondt bordet i et eige rommæ ei bodda gamle krågekort.
Refr: Nå må du få kortå ud!Ta inn kjøbet!Sjå ka du fekk.Du må ha litt kortspelforstandvisst du ska hala seieren i land.
Dæ va ei eigå stemningdå Otto tende pibåå lae ud ei sky av raue mix.Å kortå vart fordeltemed fira kort i loftå.Ja, det va et ekta Otto-triks.
Refr: Nå må du...
Me onga fekk jo sjå på,å det va jo ganske løyeå sjå ken så sist vart jagt i seng.Stemningå va spente,å trumfen taldest nøye,for kampen va hard om kvart poeng.
Refr: Nå må du...