Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Lars Mæland (1918-1993)

Etablert/født: 1918

Organist og dirigent. Utdannet i Oslo, London og Hamburg.

Var domorganist i Stavanger domkirke og grunnleggjar av Stavanger domkor.

Han var fødd på Bømlo og fekk si første orgelundervisning hos Mathias Folgerø i Vår Frelsers kirke Haugesund. Ei gong i veka reiste han dit med ei samla reisetid på åtte timar. Då han var ganske ung fekk han organiststilling i Moster kyrkje og Lykling kyrkje med ei årsinntekt på 400 kroner.

Organistutdanninga fekk han i Oslo med Arild Sandvold som lærar. Han studerte deretter i Hamburg med Martin Günther Förstemann og i København med Emilius Bangert. I 1950 studerte han eit halvt år i London med organisten i Westminster Abbey, Sir William McKie.

I 1951 vart han organist i Sandnes kyrkje og i frå 1960 til 1976 var han domorganist i Stavanger etter Fredrik Sagen. Han var og lærar på Rogaland musikkonservatorium. På grunn av sjukdom måtte han slutte før oppnådd pensjonsalder.

Nokre komposisjonar:
Det lid mot natta. Tekst av Alfred Hauge
Du barn i krybbe og på strå (Jule-kyrie). Tekst av Jochen Klepper
Du er Gud over år og tider. Tekst av Alfred Hauge
"Halleluja, Herrens navn være lovet!" Motett framført av Motettkoret i Stavanger Domkyrkje, dirigent domorganist Lars Mæland LYNOR LP 505
Koralkantate. Tekst av Alfred Hauge og frå Bibelen

Bildegalleri